Dette er eit tekstverk som eg ikkje hev skrive av eigen hand, men heller oppdaga. Disse tekstane skildrar Mundi, ei verd med fleire forskjellige rasar frå kvar sine land og statsstyre. Frå disse tekstene kan ein njosna skikk og bruk til sivilisasjonane som fanst i denne tida.
Det er fleire forskjellige rasar i denne verda. Her er eit utval av dei:
- Lendarar – Folk som har eit band til ein gud; Erkekongen, og som får ljosgunstar att. Lenderane lagar Vassaldømmer og styrer etter eit slags teokrati.
- Vestmadur – Vestafolket er ein av dei mest herda og stødige rasane i Mundi, og er kjende for å vera gode stridsmenn og gode skaldar. Dei har eit stort tal gudar, som ein aldri veit kva ein får av, anten det er bannskap eller lønn.
- Drakakali – Personar med drakeelement på kroppen og som gøymer andletet bak maskar som oftast. Dei er nomadar i fjella midt i Mundi og leiar mindre drakar mot høgare fjell. Typisk sett kjempegode til galdring.
- Pesceré – Fiskefolk som lever cirka 30-40 år og vil dimed sjå alt livet har å byda på. Landet deira, Gorwl, reiste seg or havet i 678, så dei er ganske nye til Mundi. Musikken deira minner om jazz og kan endra stemma med å bruka gjellene sine.
- Varginn – Varginnar er rasar av menn med trekk frå ulvar; pelskledde dyr frå fordomme tider. Typisk sett er dei gode til Alkymi og har ein sterk (men ofte ganske forvridd) tru på det hisidige.

Målet med dette prosjektet er å taka disse tekstane (som er skrivne på sitt eige språk, må ein merkja) og omsetja dei til ein form som gjev meining på norsk. Eg tek i bruk ein del bokmål, men eg synst at nynorsken eigentleg høver best til denne verda. Det er målet til Vestmadurane, samt epistolarane som skriv mykje av det historiske innanføre verda sjølv.
Eg skal leggja inn eit skikkeleg kompendium med tekstane her, men for no, kan du sjekka ut World Anvil-sida eg hev til tekstane der.
