Det er lite som står på sida mi, men eg skal skriva ein liten introduksjon av meg sjølv.
Eg er ein kar som likar å skiva ymse tekstar. Per no held til i Sandnes, studerer på UiS og går i ei kyrkje i Stavanger. Til vanleg likar eg å lesa litteratur og sjå film og seriar frå fleire forskjellige tidsperiodar. Av musikk høyrer eg på ganske masse; alt frå mellomalderballadar og klassisk til tungmetall og elektronisk musikk. Eg spelar òg ofte rollespel som Dungeons & Dragons saman med venene mine (når me så har tid, då). Alt dette er inspirasjon eg brukar når eg skriv eigne tekstar.
Skrivestilen min er prega ofte av det fantastiske og det historiske. Eg skal ikkje seia så mykje meir, men eg skal lata lesarane sjølv få tolka og sjå kva teksta reflekterer.
Dokker kan sjå kva eg skriv på “Kva eg skriv” seksjonen under “Skriv”-delen. Eg gjer òg omsetjingar av både norsk, engelsk, gamalnorsk og av og til eit romansk språk. Dessutan er eg oppteken av at norsk mål skal stå ved oss, og likar å skriva på godt norsk mål, både på nynorsk og bokmål.
Eg ynskjer dokker Guds, vår Herre, si signing og vonar at denne sida vert kjekk å lesa på for dokker!
Gjerne tak kontakt på: adrianskriv@gmail.com om du har noko på hjartet

