So, ja.
Eg har ikkje skrive so mykje her.
Men har skrive mykje elles, so det er bra. Orkar ikkje heilt å skriva kva so her er ei kort liste:
- Hemnhugen er meir enn 1/3 ferdig omsett til nynorsk, og held på med ein del nære slutten
- Metanoia er ferdig med 4. kapittel, held på med å få fyrste del ferdig. Særleg det teologiske held eg på med å nøsta ut.
- Forboden Visdom finst. Ja, har’kje so mykje å seia der, diverre
Eg må finna ein betre måte å skriva dette på. Er alt for trøytt til å lata som eg veit koss eg skal slutta av.
Poenget kan samanfattast i tri setningar:
- Mykje skjer i livet, og det kjem til å skje meir.
- Eg held på med skriving når eg har tid.
- Hugs at Gud elskar deg, utan at du kan tena opp meir kjærleik frå han.
Kanskje eg skreiv dette mest for meg sjølv, men vonar du held fast med å vera med meg her. 🙂
Gud signa!
– A




