Det nærar seg haust. Vêret vert kaldare og regnet vert blautare.
Slikt sett er det godt høve til å orsaka seg til skriving! Her er kva som er nytt for no:
- Eg er ferdig med Metanoia sitt andre kapittel og les gjennom fyrsteutkastet. Den neste engelen som kjem vert nok av den ro-lige typen. (om du veit, så veit du)
- Hemnhugen sakkar seg ferdigstillingsfasen. Eg har endra font så eg ikkje skal kjeda meg dørg når eg redigerer.
- Det Nye Prosjektet vil eg visa fram ein working title og eit fun fact: “Vetitum Sapientiam Schola Scientae ” eller berre Vetitum (eg sa ikkje det var ein god tittel, men hey, det er noko). Eg skal skriva han på nynorsk (med kløyvd infinitiv!) og er så og seia ein “all-skandinavisk Bondestudentar [av Arne Garborg] med setting frå Harry Potter.” Det er berre til å gleda seg med denne!
- Til Heimesida vurderer eg å ha ein oppdatering som ein eigen del av sida, så dokker ikkje sovnar av disse rapportane.”
Ok, då er tida eg kan kasta vekk ferdig, så eg sluttar no med rapporten. Talast!
