Skriverapport 7. mars

Skriverapport, med fancy tittelside med bilete!

Det har no vore ei stund sidan eg har skrive, men eg skal gjeva nokre oppdateringar, sidan eg visstnok skriv dette cirka kvar andre månad no:

  • Eg har i det siste sett på korleis eg skal setja opp ein Instagram, kor eg vil promotera innhaldet på denne sida og fleire andre greier eg har planlagt. Skal sjå om eg får sida “på nett” om ei stund, og eg vil taka det litt roleg før eg gjer noko for drastisk. Du kan klikka her for å finna sida.
  • Hemnhugen (hovudromanen min) skal verta nynorsk. Eg sa det! HEMNHUGEN SKAL VERA PÅ NYNORSK!
    (Sånn, ein mellomaldarsoge på bokmål vert litt “cringe”, so eg held på med å omsetja ho no. Men ottast ikkje bokmålfans, eg skal nok skriva litt på det målet òg. Eg meiner, Metanoia er på bokmål, så det er noko der.)
  • Av kortare soger har eg skrive litt ymist på alt, men ei forteljing eg har skrive meir på no er ei om Håkon den Gode. Eg likar han godt, og kjem kanskje til å leggja han ut på sida.

Kor som er, det var alt. Ser dykk i neste oppdatering (eller på instagram om du so vil).

-A

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *