Skriverapport 16. juni

Fy, så lenge sidan eg hadde skrive her! Instagram er verkeleg ein plass som er meir konvensjonell enn denne hímasida. Men eg kjem til å skriva meir her og ha litt ekstra “inside scoop” enn kva eg skriv der, so eg er glad om du er med og les på dette! 🙂 Kor som er, lat meg oppdatera dykk heilt kort:

  • “Vetitum Sapientiam & Scholae Scientae” heiter no “Forboden Visdom” og eg har lagt til ein side til forteljinga på “Kva eg skriv” delen under “Skriv”-seksjonen. Eg snakkar om inspirasjon, og til og med persongalleriet! (m.a. Friðrika, som eg klappar på under). Sjekk det ut på den eigne “Forboden Visdom”-sida!
  • Hemnhugen skal eg omsetja til nynorsk i laupet av sommaren. Please, bed for meg for eg kjem nok til å trenga det …
  • Metanoia er òg in the works, men eg må få retta ut nokre av dei meir wonky aspekta, så eg kan gjera det VERKELEG “Soli Deo Gloria”. Det skal verta kjempebra!
    Dessutan, vil eg leggja Metanoia ut på ei side som Royal Road eller liknande (sidan dritstøvlane på Wattpad vedtok at norsk ikkje var eit språk lengre, eg er litt salty over det …), men eg må få den fyrste delen ferdig fyrst

Så ye, eg kjem til å jobba i skrivarhòla mi og jobba vidare. Ynsk meg lukke til, peace!

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *