Ordliste mot Norglish

Då eg gjekk i VG3, tala norsklæraren min profetisk i tilhøve til språkbruk. Me tala om norsk-engelsk (eller “Norglish” om du vil) og korleis mange ord får stadig meir innverknad frå engelsk, eller til og med bytte ut med engelske ord.

Han sa at: “Eg frykte at dersom me hørre merr engelsk, og øvesette det mens me snakke, trur eg ikkje at me komme til å snakka god engelsk, men heller dårligare norsk.” I dei siste åra, har denne setninga heimsøkt meg til den dag i dag.

Dimed har eg skrive denne ordlista med ord og formuleringar som er direkte omsett frå engelsk, men som faktisk har gode avløysarar i norsk. Alle er faktiske døme sagt av fleire folk, så ikkje kjenn deg hengd ut om du nytter desse orda. Tak dei i bruk, eg bønfell deg (ver so snill)!

Lista over forkortingar:

bm. – bokmål
nn. – nynorsk
dl. – dialekt

Hovudliste mot Norglish:

Agrikultur nn. jordbruk, agronomi
Amnesi bm. hukommelsestap, nn. hugsvikt
Apatetisk nn. apatisk, bm. likegyldig
Artistisk nn. kunstnarisk, visuelt stimulerande
Artist (om ein ikkje-musikar, t.d. forfattar, målar, teiknar, osv.) nn. kunstnar, bm. kunstner
Artefakt nn. gjenstand (med mindre det er fagspråk innan historie)
Blasfemibm. helligbrøde, nn. heilagbrot, helgebrot
Direksjonnn./bm. retning, lei
Distinktere nn. skilja, gjera forskjell på, gjera skilnad på, bm. adskille
Divisjon (ikkje militært eller fotball)– bm/nn. avdeling
Direktør (om film) – bm./nn. regissør, filminstruktør, sceneinstruktør (med mindre leder for en organisasjon / sirkus)
Domestisere nn. temja, bm. temme
Eg lever nn. eg bur/held til
Eg tenker at …nn. eg synst at, meiner at, tykkjer at, har gjort opp meninga at, trur at
Entitetnn. eining, bm. enhet
Fertilitet nn. fruktsemd, bm. fruktbarhet
Heresi (teknisk sett frå gresk, men nytta meir analogisk frå engelsk)bm. kjetteri, nn. ranglære, vranglære, kjettarskap
I forhold til (korrelasjon) – bm. i forbindelse med, med tanke på, når det kommer til, jeg tenkte (angående) med, knytta til, i kontekst av, relatert til, med hensyn til/på, nn. med tilhøve til,
Imaginasjon nn. fantasi, hugleik, tankespel
Interpretasjon nn. tolkning, oppfatning, synspunkt
Laga/lage opp nn. finna opp, fantasera, tulla
Memoriserenn. memorere/memorera, hugsa utenatt
Migrasjon nn. utvandring, innvandring (med mindre fuglar eller samfunnskunnskap)
Paragraf jf. “paragraph” avsnitt (utanom i lovverk)
Populasjonbm. befolkning, nn. folkesetnad (med mindre vitskap)
Preparere nn. førebu, bu (seg), bm. forberede
Realitet bm. virkelighet, nn. røynd
Rivalitet / rivalri nn. rivalisering, medtevling,
Seleksjonnn. utval, å velja ut
Simpelt nn. enkelt, minimalistisk, effektivt
Sivilkrigbm. borgerkrig, nn. borgarkrig
Virkelig (som eit aukande adverb; “teksten din er virkelig god”) – nn. veldig, ganske, særs, bm. meget, ganske, betraktelig, voldsomt,

Meir konservativ liste (ord som er litt norskare):

Bacon nn. flesk, griseflesk
Kontinent nn. heimslutt
Konfabulasjon – å skapa falske minne over ein hending
Lingvister – målgranskare

Alternativ liste (om du ikkje likar visse ord)
Baconpannekake dl. fleskepannekaga* (dette seier me om bestemors fleskepannekager)
Sosialt Konstruktbm. samfunnsbegrep nn. samfunnsomgrep