Forboden Visdom

«No skal eg kveda om det andre riket der sjela skirslast for sin himmelveg til verdig opp ho stig med sine like»

– Dante Alighieri (1265 – 1321)

Dette sitatet er noko av det fyrste ein les i utkastet mitt av den nyaste forteljinga eg skal skrive. Inspirert av Dark Academia-estetikken frå TikTok i 2020, den gotiske kostskulen frå Harry Potter, i tillegg til klassiske norske verk som “Bondestudentar” av Arne Garborg gjev eg dykk “Forboden Visdom”.

Denne forteljinga handlar om studentar som skal bruka dei neste åra sine på Kristianholds Høgskule, som ligg ein plass opp i Dalom midt i Noreg. Denne plassen er mystisk og prega av mystikk, men høgt akademisk i all sin sed og skikk.

Språket her er noko særeige. Eg kjem til å skriva dette på den meir sjeldne forma for kløyvd infinitiv i nynorsk (altso at infinitivane bytar mellom å slutta på -a og -e. Ord som “å lære” skal ha -e, medan “å kveda” skal ha -a). Men eg kjem òg til å skriva på svensk og dansk, der personane ville ha snakka sitt eige tungemål. Personleg, er eg bastant på å tala norsk med andre skandinavarar, og dette har overført seg i “Forboden Visdom”.

Persongalleri

Eg har nytta ein sånn “character-creator” sånn at eg har fått cirka oversikt over persongalleriet, so her er nokre av desse personane, kvar dei er frå, kva språk dei talar og litt om personlegdomen deia:


Lauren (Oppvaksen i England men har svensk mor, talar svensk) – Alvorsam og pretensiøs som berre juling. Ho er godt skolert frå barndommen av, og har hatt læremeistarar frå det meste av Europa. Likevel har ho tung bakgrunn i både latin, gresk og annan klassisk litteratur og språk. Denne dama har kunnskap so det held, og ho veit det!

Daniel (Nynorsk, frå Noreg) – Frå bygda der Kristianholds Høgskule er bygd i. Han er kjend med både gamal og ny litteratur, men likar helst norske forfattarar. Anten det er “Synnøve Solbakken” eller “Soga om Gunnlaug Ormstunge” har han ei meining om det meste. Veldig imøtekomande og blid, for no …

Iben (Dansk, frå Hedeby) – Sosial og utåtvendt, og har klåre meiningar om samfunnet ho bur i. Historiografi, altso korleis folk har brukt historia opp gjennom tidene, er hovudfeltet åt Iben og ho er kjend med å sjå det store biletet i alt. I tillegg tek ho ein klasse i litteraturanalyse. Ho har kome til høgskulen for å sjå verda frå utsida og for å skapa nærare band med andre som deler interessene hennar.

Lars-Helge (Frå Nord-Noreg, talar dialektnær nynorsk) – Tidseffektiv og er ein kløppar på å maksimera fritida si. Han er kunstnar av det høgste slag og nyttar mykje av tida på høgskulen til å måla og laga sitt neste “Magnum Opus”. Han seier til vanleg ganske lite, men når han seier noko er det verdt å høyra på det. Investerer òg i krypto og er oppteken av å byggja varemerket sitt.

Friðrika (Nynorsk med islandske innskot) – Eksentrisk og nyfiken på alt. Studerer eigentleg litteratur, men er aller mest aktiv i skuleavisa “Kristianholds Tidende” som ho er journalist for. Gode vener med Iben, sidan begge er samfunnsengasjerte til dei grader. Ho er dessutan ein av mine personlege favorittpersonar i heile historia (Best girl :D)