
Dei Andre Gudane
Av H.P. Lovecraft
Oppå den høgste tinden i verda bur gudane av jorda, som ikkje lastar mennesket med å seia at han hev sett dei. Andre fjell åtte dei før; Men flatmarksmenn kløyvde seg støtt over steinhaugar og snøfonner, for so å driva dei gamle gudane til høgare og høgare tindar til berre dei siste er att. Når dei etterlèt dei gamle fjella tok dei med alle spor av seg sjølv, utanom, var det sagt, då dei let att eit rista bilete på fjellsida som dei kalla Ngranek.
Men no hev dei kome seg til ein ukjend Kadat i den kalde grua der ingen mann vil koma, og vert morske, der det ikkje er nokon høgare stad å fly frå mannsens kome. Dei vert morske, og der dei ein gong let mennesket bytta dei ut, støytar de mannen frå å koma; eller dei komande; å fara. Det er godt for mennesjet å ikkje vita om Kadat i den kalde grua; elles ville dei hardhuga freista å stiga opp i det.
Somme gonger, når gudane av jorda lengtar att til heimen vitjar dei endå i nattemørkret tindane kor dei budde, og stille gret medan dei freistar å tevla gamaldags leik på dei gamle eggane. Mennesket kjente tårene åt gudane på kvit-toppa Turai, då dei totte det var regn; og hadde høyrd sukket åt gudane i den ottefulle morgonvinden frå Lerion. I himmelskipa åt gudane er dei vande å ferdast i, og snøgghuga bønder hev soger som held dei frå vise høge tindar om natta når skyane samlast, for gudane er ikkje nådige som frå gamalt av.
I Ultar, som ligg ovanføre elva Skai, budde ein gamal mann, som var ihuga for å skoda gudane av jorda; Ein mann som hadde kunnskap frå dei sju løynde bøkene åt Hsan, og kjende med Pnakotiske manuskript frå det fjerne og frosne Lomar. Namnet hans var Barzai Vise, og bygdefolket fortel om korso han gjekk opp i fjellet om natta av ein merkeleg formørking.
Barzai visste so mykje om gudane at han kunne vita når dei kom og gjekk, og gissa so mange av løyndomane deira at han sjølv vart sett på som ein halvgud. Det var han som viseleg råda folket i Ultar då dei godtok lova mot å myrda kattar og som fyrst fortalte den unge presten Atal kvar svarte kattar går på Sankthansaftan. Barzai var kunnig i sogene om gudane av jorda, og hadde hug for å skoda dei andlet mot andlet. Han trudde at den løynde kunnskapen hans om gudane kunne verja han frå vreiden deira, so med pågangsmot å gå til foten av det høge og steinete Hatreg-Kla på ei natt kor han visste ag gudane ville vera der.
Hateg-Kla ligg langt ute i steinørkenen forbid Hateg, som grunnlegg namnet, og den reiser seg som ein statue av stein i eit stille tempel. Rundt toppen lekte alltid tåka sorgfullt, for tåkene er minna åt gudane, og gudane elska Hateg-Kla då dei kvilte på det i gamle dagar. Gudane av jorda vitja ofte Hateg-Kla I himmelskipa sine, og kasta bleik damp over eggane medan dei dansa på toppen med lengsle under ein klår måne. Bygdefolket i Hateg sa det var ilt å klatra opp Hateg-Kla uansett tida, og livsfarleg å klatra det om natta når den bleike dampen gøymet toppen og månen; men Barzai høyrde ikkje på dei då han kom frå nabobyen Ultar med den unge presten Atal, disippelen hans. Atal var den einaste sonen til innehavaren av eit vertshus og var stundom redd; men far åt Barzai hadde vore ein greve som heldt til i eit eldgamat slott, so han åtte inga overtru i blodet og berre lo av dei ottesame bøndene.
Barzai og Atal gjekk ut or Hateg inn i den steinete ørkenen, trass i tryglinga til bøndene, og tala om verdsens gudar ved leirbålet sitt om natta. Dei fór i mange dagar, og såg langt borte frå det opne Hateg-Kla med ljoskrinsen åt den ottefulle tåka. På den trettande dagen nådde dei foten av det einsame fjellet, og Atal tala om fryktene sine. Men Barzai var gamal og kunnig og frykta ikkje noko, og leia fram opp mot eggen som ingen mann hadde stige sidan tida åt Sanso, som er skriven ottefullt om i dei morkna Nakotske Manuskripta.
Leia var steinete og danna av farleg store stup, klipper og stein som datt. Seinare snødde det og var kalt; og Barzai og Atal sklei og fell medan dei vassa og pløydde seg oppover med stavar og øksar. Til slutt vart lufta tynn, himmelen endra lèt, og klatrarane kava etter luft; men dei krabba endå opp, og lengre oppover, medan dei undra seg over kor merkeleg staden var og spanande tanken var på kva som skulle skje på toppen når månen skein og den blanke dampen spreidde seg. I tre dagar klatra dei høgare og høgare mot taket av verda; so slo dei leir for å venta på at månen skulle dekkjast.
I fire netter kom ingen skyer, og månen skein kaldt gjennom den tynne, ottefulle tåka rundt den tagale tinden. So på den femte natta, då det var fullmåne, såg Barzai nokre tette skyar langt mot nord, og var vaken med Atal for å sjå dei nærma seg. Dei sigla majestetiske og luftige, sakte og med meining; Krinsa seg or toppen over tilskodarane, og gøymde månen og tinden frå å kunne skoda. I ein lang time såg dei sjåande, medan dampen kvervla og enda av skyene vart tjukkare og rørte seg meir. Barzai var vis i sogene om verdsens gudar og høyrde godt etter visse ljodar, men Atal kjende kulda frå dampen og i den prude natta, og vart særs redd. Og då Barzai klatra høgare og lokka ivrig, gjekk det lenge før Atal følgde etter.
So tjukk var dampen at vegen vert vandare, og sjølv om Atal fylgde til slutt, såg han nesten ikkje den grå forma åt Barzai på den bratte eggen over det sky-dulde måneljoset. Barzai ferda seg særs langt fram og såg ut til, trass alderen, å klatra med mindre møde enn Atal; utan å otta seg for hallinga som vaks seg alt for høg, sjølv for ein sterk og hugsterk mann, utan å kvila ved dei breie, svarte søkka som Atal knappast kunne skrida over. Og dei gjekk so vilt over steinar og avgrunnar, skleid og snubla, og stundom såg dei med vyrdnad på flateomfanget og den fælslege togna av bleike istappar og stumme trinn av granitt.
Plutseleg gjekk Barzai ut frå synsranda åt Atal, då dei kløyvde over eit grueleg berg som såg ut til å benda seg utover og stenga stien til ein kvar klatrar som vanta inspirasjon frå verdsens gudar. Atal var langt nede og planla kva som skulle gjera då han nådde plassen, då han forvite såg at ljoset hadde vorte sterkare, som om den skylause tinden og den måneljose møteplassen åt gudane var mykje nærmare. Og medan han velta seg vidare mot berget som benda seg og den ljose himmelen kjende han på redsle som rista han meir enn han hadde kjent før. So gjennom den høge tåka høyrde han røysta åt Barzai ropa i vill frygd:
«Eg hev høyrd gudane. Eg hev høyrd verdsens gudar syngja i masser på Hateg-Kla! Røystene åt verdsens gudar er kjende for Profeten Barzai! Tåkene er tunne og månen er bjart, og eg skal sjå gudane dansa vilt på Hateg-Kla som dei elska i sin ungdom. Visdommen åt Barzai hev gjort han større enn gudane av jorda, og mot vilja han vil galderen og grensene ei vera; Barzai vil skoda gudane; Gudane stolte; Gudane løynde; Gudane av jorda som hatar menneskje-synet.»
Atal kunne ikkje høyra røystene Barzai høyrde, men han var no nær berget som benda seg og såg etter fotfeste. Då høyrde han røysta åt Barzai veksa seg skingrande og høgare:
«Tåka er særs tunn, og månen kastar skuggar på eggen; Røystene åt verdsens gudar er høge og ville, og dei ottar komet åt Barzai Vise, som er større enn dei … Månens ljos flakkar, medan verdsens gudar dansar det mot; Eg skal sjå forma av dei dansande gudane som spring og ular i måneljos … Ljoset dimmar seg og gudane er redde.»
Medan Barzai ropte desse tinga kjende Atal eit åndeleg brigde over alt i lufta, som om lovane i verda bøygde seg for større lovar; For sjølv om vegen var brattare enn nokon gong, hadde leia oppover vorte skremmeleg lett, og det bulande berget vart knappast eit hinder då han nådde det og sleid seg faretruande opp mot den utheva overflata. Ljoset frå månen hadde merkeleg nok tapt, og då Atal kava seg opp gjennom tåka, høyrde han Barzai Vise skrika i skuggane:
«Månen er mørk, og gudane dansar i natt; Det er redsle i himmelen, for når månen hev sokke i mørker, som inga bok åt mennesket eller åt verdsens gudar hev sett fyre seg … Det er ukjend galder på Hateg-Kla, for ropa åt dei redde gudane hev vorte til latter, og is-eggane skyt endelaust opp i den mørke himmelen som eg stupar i … Hei! Hei! Endeleg! I det veike ljoset seg eg gudane av jorda!»
Og no høyrde Atal, som svimmelt glei over ufattelege høgdar, høyrde i mørkeret ein vanvyrdt lott, som blanda seg med ein gråt som ingen mann hev høyrd, utanom i mareritta ein ikkje kjenner att i Flegeton; Ein gråt som rista otta og møda av eit heimsøkt liv, sveipt i eit skremmeleg augneblink:
«Dei andre gudane! Dei andre gudane! Dei gudane frå den ytste helheimen som verjar dei veike gudane av jorda!… Sjå bort … Gå attende…Ikkje sjå! Ikkje sjå! Hemnen åt dei uendelege djupa… Den bannstøytte, vanfrelste kløft… Miskunnelege gudar åt jorda, eg fell inn i himmelen!»
Og då Atal lokka auga og stoppa øyro og freista å krumma seg ned mot den øyelege dragninga frå ukjende høgdar, ljoma det på Hateg-Kla det ovlege drønet av torden som vekte den gode bonden på jordet og den ærlege bydama i Hateg, Nir og Ultar og lèt dei skoda gjennom skyene den underlege mørklegginga av månen som inga bok hadde spådd. Og når månen atter kom fram var Atal trygg på den lågare snøen på fjellet, utan spor av verdsens gudar, eller av dei andre gudane.
Det er no sagt i morkna, Nakotiske manuskript at Sanso ikkje fann anna enn ordlaus is og stein då han klatra Hateg-Kla i verdens unge dagar. Likevel, når menneska i Ultar og Nir og Hateg knuste redslene sine ved å kliva det forgjorte berget om dagen på leit etter Barzai Vise, fann dei rista inn i den berre steinen av toppen eit merkeleg og syklopisk merke, femti mål breitt, som om steinen hadde vore riven av ein stor titanmeisel. Og merket var sams med eit som lærde men hadde skilt frå i dei nifse delane av det Nakotiske Manuskripta som var for gamle til å lesast.
Barzai Vise fann dei aldri, heller kunne ikkje den heilage presten Atal verta overtydd til å beda for kvile i sjela. Dessutan, vil jamvel dagens folk I Ultar og Nir og Hateg ottast mørkleggingar, og beda om natta når den bleike dampen løyner fjelltinden og månen. Og over tåka på Hateg-Kla, dansar stundom verdsens gudar nostalgisk; For dei veit at dei er trygge, og elskar å koma frå ukjend Kadat i sky-skipa og leika på gamlemåten, slik dei gjorde då jorda var ny og menneskja ikkje gav seg til å klatra til utilgjengelege stadar.
