Hemnhugen

“Få æresdygdar hadde ho utretta denne dagen, ulikt dei sagaheltar og sanktar som ho hadde høyrd så mykje om. For Sigrid hadde laupt – bort.”

Hevnhugen, s. 3

Bokmeldingar så langt:

“Den der vikingforteljinga di?”

Dei fleste som har høyrd om denne historia

“Jo, den er gode den.”

Mor mi

«Hemnhugen» handlar om Sigrid, ei tøff, ung dame frå Skutenes. Ho har vorte utsett for ein stor urett av den mektige leiaren av Ramnegildet; Domar Sylfest. Snart fylker ho seg saman med riddaren Einar og væpnaren hans, Audun. Dei ferdar seg gradvis gjennom Kormt, ei øy prega av kongemakta og ættesplidane som særmerka høg-mellomaldaren, for å hamla opp med Domaren ein gong for alle.

Denne soga har eg skrive på sidan VG2. For å nytta Nibelungenlied som referanse, så har denne forteljinga vore min Fåvne som eg konstant slåss mot. Fyrsteutkastet er gjort (sånn isj) og eg les gjennom det nå for andre gang, samstundes som eg omsett heile greia til nynorsk. (Måtte Gud hjelpe meg, eg treng det …)

Eg har òg laga fram- og bakside til boka. Det står basically det same på den som her på nettsida, men jaja. Skal dessutan omsetja det til nynorsk snart, so hald augene opne 😉 Her er det:

Ein liten mockup for korleis boka kan sjå ut til slutt. Ser bra ut, ikkje sant?

Mockupen er frå zlatko_plamenov på Freepik.


Dette er ein rekonstruert Avaldsnes kongsgård fra slutten av 1200-talet. Skjøner du no kvifor eg valde dette som bakteppe for mykje av romanen?

“Einar snakka ikkje til deg, dustefjes!”

Audun til biskop(?) Peder, s. 36