Då eg gjekk i VG3, tala norsklæraren min profetisk i tilhøve til språkbruk. Me tala om norsk-engelsk (eller “Norglish” om du vil) og korleis mange ord får stadig meir innverknad frå engelsk, eller til og med bytte ut med engelske ord.
Han sa at: “Eg frykte at dersom me hørre merr engelsk, og øvesette det mens me snakke, trur eg ikkje at me komme til å snakka god engelsk, men heller dårligare norsk.” I dei siste åra, har denne setninga heimsøkt meg til den dag i dag.
Dimed har eg skrive denne ordlista med ord og formuleringar som er direkte omsett frå engelsk, men som faktisk har gode avløysarar i norsk. Alle er faktiske døme sagt av fleire folk, så ikkje kjenn deg hengd ut om du nytter desse orda. Tak dei i bruk, eg bønfell deg (ver so snill)!
Lista over forkortingar:
bm. – bokmål
nn. – nynorsk
dl. – dialekt
Hovudliste mot Norglish:
Agrikultur – nn. jordbruk, agronomi
Amnesi – bm. hukommelsestap, nn. hugsvikt
Apatetisk – nn. apatisk, bm. likegyldig
Artistisk – nn. kunstnarisk, visuelt stimulerande
Artist (om ein ikkje-musikar, t.d. forfattar, målar, teiknar, osv.) – nn. kunstnar, bm. kunstner
Artefakt – nn. gjenstand (med mindre det er fagspråk innan historie)
Blasfemi – bm. helligbrøde, nn. heilagbrot, helgebrot
Direksjon – nn./bm. retning, lei
Distinktere – nn. skilja, gjera forskjell på, gjera skilnad på, bm. adskille
Divisjon (ikkje militært eller fotball)– bm/nn. avdeling
Direktør (om film) – bm./nn. regissør, filminstruktør, sceneinstruktør (med mindre leder for en organisasjon / sirkus)
Domestisere – nn. temja, bm. temme
Eg lever … – nn. eg bur/held til …
Eg tenker at … – nn. eg synst at, meiner at, tykkjer at, har gjort opp meninga at, trur at
Entitet – nn. eining, bm. enhet
Fertilitet – nn. fruktsemd, bm. fruktbarhet
Heresi (teknisk sett frå gresk, men nytta meir analogisk frå engelsk) – bm. kjetteri, nn. ranglære, vranglære, kjettarskap
I forhold til (korrelasjon) – bm. i forbindelse med, med tanke på, når det kommer til, jeg tenkte (angående) med, knytta til, i kontekst av, relatert til, med hensyn til/på, nn. med tilhøve til,
Imaginasjon – nn. fantasi, hugleik, tankespel
Interpretasjon – nn. tolkning, oppfatning, synspunkt
Laga/lage opp – nn. finna opp, fantasera, tulla
Memorisere – nn. memorere/memorera, hugsa utenatt
Migrasjon – nn. utvandring, innvandring (med mindre fuglar eller samfunnskunnskap)
Paragraf – jf. “paragraph” avsnitt (utanom i lovverk)
Populasjon – bm. befolkning, nn. folkesetnad (med mindre vitskap)
Preparere – nn. førebu, bu (seg), bm. forberede
Realitet – bm. virkelighet, nn. røynd
Rivalitet / rivalri – nn. rivalisering, medtevling,
Seleksjon – nn. utval, å velja ut
Simpelt – nn. enkelt, minimalistisk, effektivt
Sivilkrig – bm. borgerkrig, nn. borgarkrig
Virkelig (som eit aukande adverb; “teksten din er virkelig god”) – nn. veldig, ganske, særs, bm. meget, ganske, betraktelig, voldsomt,
Meir konservativ liste (ord som er litt norskare):
Bacon – nn. flesk, griseflesk
Kontinent – nn. heimslutt
Konfabulasjon – å skapa falske minne over ein hending
Lingvister – målgranskare
Alternativ liste (om du ikkje likar visse ord)
Baconpannekake – dl. fleskepannekaga* (dette seier me om bestemors fleskepannekager)
Sosialt Konstrukt – bm. samfunnsbegrep nn. samfunnsomgrep
