“Tida gjer ikkje forskjell på folk. I det minste er det kva eg trudde før. Eg trudde at ein let tida ta seg til rette i verda. Ein flyt nedover røyndommen, som på ein båt utan årar i ein straum. Den metaforen likte eg å bruka før, på den tida då eg snakka med Farfar. Det var han som kom på han. Men kva har det å seia for meg? Straumen er stri, den me alle rir på. Det veit me. Så kva ventar eg på? Godt spørsmål, få gode svar. Eit kan vera at tida klemmer på meg, som ein stressball – pressar meg for pengar, livet, anden. Ganske mykje av det eg vil ha for meg sjølv. Tida vil ha noko av meg, men eg veit ikkje kva det er. Doktor Faust hadde nok nikka gjenkjennande. Nokon ville sagt meg like galen som han òg. Mykje av det eg skal skriva er ganske gale. Burde eg ein gong skriva dette? Er det lurt at historia mi kjem på papiret? Somme gonger veit eg ikkje kvar eg skal byrja, men nå har eg i det minste starta.”
– Frå “Sjåfør, Sjåfør”

Tittelen speler på Kaizers Orchestra sin song “Frå Sjåfør til Passasjer” og det vert litt meir relevant seinare.
No som eg har sagt det, kan eg no endeleg snakka om sjølve historia! Dette er ei meir moderne soge, men minst like fantastisk og rar som vanleg! Den handlar om Andreas, som er i ein ikkje-spesifik aseatisk storby. Der kjem skrømta, frå både Noreg og fortida, som perler på ei snot og kva som skjer videre er opp til meg videre.
Trur dette vert ein slags kort roman, men ikkje like lang som “Hevnhugen” (sånn, om Jon Fosse kan skriva korte romanar, så kan eg det).
