Skrive av H.P. Lovecraft, omsett av meg
Då dei siste dagane låg over meg, og vandemåla åt tilværa dreiv meg inn i galenskap; nett som torturmetoden der små dråpar vatn fell endelaust på ein plass på kroppen åt offeret, elska eg den stimulerande svevnflukta. I draumane fann eg litt av venleiken eg leitte etter i livet, og vandra gjennom gamle hagar og galderskogar.
Ein gong då vinden var mjuk og angande høyrde eg sør-vegen kalla, og flaut og dovna seg endelaust under merkelege stjerner.
Ein gong, då regnet fall, gleid eg i ein pram gjennom ein sollaus straum under jorda til eg nådde ein ny heim kledd i lilla skumring, iriserande skogtak og vandaude roser.
Og då eg vandra gjennom gulldalen som leia mot skuggetunge lundar og ruinar, og slutta med ein høg, grøn vegg med gamle lianar, punktert med ein liten port av bronse.
Fleire gonger, då eg gjekk gjennom dalen, skoda eg lengre og lengre i det andefulle halv-skinnet kor dei store trea gyste og vrei seg med otte, og den grå grunnen surkla seg frå stamme til stamme, der den somme gonger avdekka mosegrodde steinar frå nedgravne tempel. Og målet med desse nøyesame turane var den høge, eføytunge veggen med den vetle bronseporten i.
Etter ei stund, då dei vakne dagane vart mindre og mindre tålelege av det grå og keisame, gleid eg bort i den milde freden gjennom dalen og dei skuggelagte lundane og eg lurte på korleis eg kunne vinna dei som ein tidlaus kvilestad, så eg ikkje trengde å krabba attende i den døle verda som vanta spenning og nye fargar. Og då eg såg på den vetle porten i den høge veggen, kjende eg at bortan føre låg ein draumestad.
Dimed søkte eg kvar natt i søvne det gøymde handtaket i porten i den syrlege, gamle veggen, sjølv om det var godt gøymd. Og eg ville seia til meg sjølv at heimen bortan føre veggen ikkje berre varte lengre, men var meir sæl og blomstrande òg.
Så ei natt, i draumebyen Sakarion, fann eg eit gulna papyrus fullt av tankane frå draumevismennene som budde i byen i gamal tid, og som var alt for vise til å verta fødde i den vakne verda. Der vart det skrive mykje om draumeheimen, og mellom dei fanst soga om ein gulldal og ei heilag lund prega av tempel, og ein høg vegg, med ein liten bronseport i. Då eg såg denne soga, skjønte eg at den tala om plassane eg søkte til, og difor las eg lenge i dei gulna papyrusane.
Nokre av draumevismennene skreiv fantastisk om stoleiken utanføre den ugjennomtrengjelege porten, men andre tala om otte og vonbrot. Eg visste ikkje kva for nokre eg skulle tru, men huga meir og meir etter å kryssa den evige grensa til det ukjende landet; for tvil og løyndom er agnet over alle agn, og inga otte kan verta meir grueleg enn den vanlege torturen av dagleglivet. So då eg høyrde om middelet som kunne låsa opp porten og trenga meg gjennom, ville eg ta det då eg vakna att.
I går kveld tok eg eg middelet og flaut draumande inn i gulldalen og dei skuggetunge lundane; og då eg so kom til den eldgamle veggen, såg eg den vetle bronseporten stå open. Frå den andre sida glitra eit skjær som lyste merkeleg over dei tvinna trea og toppane til dei nedgravne templa, og eg held fram med song, ventande på prakta åt landet eg aldri skulle forlata.
Men då porten gleid meir open og galderet frå middelet og draumen dytta meg gjennom, kjende eg at alle syna og prakta slutta; for i det nye riket var korkje land eller sjø, men berre den kvite, folkelause øydemarka og endelaus plass. So, meir lukkeleg enn eg nokon gong hadde drøymd om å vera, smuldra eg att i den heimekjære grenseløysa som krystalliserte seg til inkje, der daemonen Livet hadde kalla meg eit kort og tomt bel.
