Song til Jeanne D’Arc

Til tider er eg skapkatolikk, og når det kjem til denne songen nærar eg meg grensa. Jeanne D’Arc er ein av mine høgste favorittar i helgenar, i tillegg til historiske personar (vel, utanom Jesus, sjølvsagt …). Dette er opphaveleg ein fransk song skriven av Teresa frå Lisieux i 1894 kalla “Chant à Sainte Jeanne d’Arc”. Eg har omsett denne teksta til nynorsk.

Her er ei lekkje til songen på fransk (som det er lett å syngja med på, vel å merkje).

Vers 1:

Jeanne av Herren vart bydd til bardage

Eldhjarta, stridsanden logar i ho

Til møya med so stillfarande lage

Gav vår Gud sin sigerskrans med liljeblom

Ref.:

Sankta Jeanne av Frakklandet

Me ventar deg med ditt flagg og kross

Sankta Jeanne av Frakklandet

Bed du, bed du for oss.

Vers 2:

Jeanne, so audmjukt i enga ho lydde

Røyster frå ovan som tala om strid

Ho fór då bort, og for Frakkland seg bydde

Fram med hær og felagar ho for det skrid

Ref.
—II—

Vers 3:

Av stolte hærmenn; Ho vann deira hjarte

Synte dei storleik av englar frå Gud

Ynda og ord, båe skein frå ho bjarte

Brann so vegen fram til deira sigersprud

Ref.
—II—

Vers 4.

Jeanne, vårt von, kved dei ord som du vakta;

Himmelheimsrøyster som du stridsmenn gav

Ver hjå oss her, hjelp oss omvenda Frakkland

Med det vene frelsarord frå gamalt av


Ref.

—II—